1 research outputs found

    Lærarerfaringar i møte med elever i risikogruppa for fråfall – korleis finne vegen inn?

    Get PDF
    Samandrag I dagens samfunn står vi overfor utfordringar knytt til fråfall i skulen og talet på unge som står utan tilbod, arbeid og utdanning er altfor høgt. Det er difor nødvendig å undersøkja korleis vi kan finna vegen inn til elevar i risikosona for å bli ein del av denne statistikken. Korleis få ned fråfallet i vidaregåande skule har gjennom dei seinare åra vore gjenstand for mykje forsking og fokus. I NIFO-rapporten: «…respekten for forskjelligheten…» (Markussen, Carlsten, Grøgaard, & Smedsrud, 2019), kjem det blant anna fram at fleirtalet av elevar med lave inntakspoeng frå ungdomskulen går på yrkesfag. Resultatet av at desse elevane søker seg til yrkesfaga, er at det i nokon av utdanningsprogramma vil det vere elevar som treng stor grad av tilrettelegging og tilpassing i sin undervisningssituasjon. Dette kan stille ekstra høge krav til lærarar som skal møte og undervise desse elevane. Målet for denne studien har vore å kunne kome nærare inn på kva refleksjonar og handlingar som går før seg i praksisfeltet til dei som står elevane nærast i opplæringa, nemleg læraren. Med utgangspunkt i grunntanken om at kunnskapen om dette finst, men at kunnskapen på eit vis er «skjult» fordi det ikkje er ei enkelt handling eller ei «oppskrift» som utgjer dette. Det har det vore interessant å lytte til kva som vart trekt fram som viktige «nøklar» inn til læring og trivsel hjå elevar som har behov for ekstra tilrettelegging i skulekvardagen sin gjennom relasjonsbygging og pedagogisk tilrettelegging innafor ramma av ordinær undervisning på yrkesfaglege utdanningsprogram. Med utgangspunkt i dette er følgande problemstilling formulert: Lærarerfaringar i møte med elever i risikogruppa for fråfall – korleis finne vegen inn
    corecore